Guerrilla rules

100824880_5e450a5560.jpg

I 2004 lanserte Comme des Garcons den første av ein serie med “Guerrilla stores”. Ein anti konsept / konsept butikk som skulle vere midlertidig (maks 1 år), i eit up and coming eller ukommersielt / uvanleg område (pre gentrifisering) og der interiøret skulle vere billeg, tilfeldig og av typen man tager hva man haver. I dag kallar vi gjerne slike midlertidige butikkar for pop up store, sjølv om pop up´s ofte er ein slags ekstremversjon av eit merke eller butikk der alt handlar om konsept og merkevarebygging. Strengt tatt det motsette av dei dogmene som gjeld for ei guerrilla store. Uansett representerte “guerrilla stores ” eit heilt nytt tankesett rundt det å drive butikk som framleis kjennes aktuelt og interessant. I typisk Comme des Garcons stil.

 

comme-garcons-guerilla-store-warsaw-1.JPG

comme-garcons-guerilla-store-warsaw-3.JPG

http---hypebeast.com-image-2007-11-comme-garcons-guerilla-store-warsaw-4.jpg

comme-garcons-guerilla-store-warsaw-2.JPG

Bilder via Highsnobiety.com frå Comme des Garcons Guerrilla Store i Warszawa frå 2007.

 

C’est moi!

IMG_9222.JPG

For ganske nøyaktig 1 år sidan fekk eg tilgang på ti gangar større lagringsplass enn eg har hatt tidlegare. Endeleg har eg fått oversikt over mitt klesarkiv og det har resultert i omtrent null shopping siste året og mange gamle skattar har kome fram i lyset. Antrekket eg har på meg er frå 15 til 5 år gamalt. Med unntak av skoa frå New Balance; dei har gått på ekstrem rotasjon siste 1,5 året.

Gensar: Raf Simons
Bukse: Acne Studios
Jakke: seconhand
Veske: Manhattan Portage
Sko: New Balance 990
Solbriller: Moscot

Hyperballade

images.jpg

Hyperballad av Björk er ein av mine favorittlåtar. Første gang eg høyrde den, det må ha vore ganske umiddelbart etter utgivinga i 1995, var det som ein eksplosjon av lydar eg ikkje hadde høyrt før. Ei ny verd, godt understreka av den (på den tida) høgteknologiske musikkvideoen. Den påtrengande og underliggande basslinja i songen brumma så heile barndomshuset i Ulsteinvik rista. Denne sida skal ikkje handle om “Hyperballad”, men navnet kan sjåast på som ein tribute til ein av dei låtane eg likar aller best.

Velkomen til hyperballade.com. Ei ballade i ei hyper verd, eller kanskje avogtil berre hyper i ei verd som står stille.

06week32.jpg